Minneord Rune Birkeland 1914-2007

Rune Birkeland var ein rikt utrusta person med eit breit, allsidig og fargerikt engasjement gjennom heile livet. I offentleg kulturell samanheng var han særleg synleg innan skoleverket og innan Den norske kyrkja.

Rune var historikar og norskfilolog. Denne faglege bakgrunnen sette sitt preg på verksemda hans både i skole og kyrkje. På ein klargjerande måte kunne han kaste lys over dagsaktuelle problemstillingar ved å sette dei inn i historiske perspektiv. Eit sentralt studiefelt for Rune var Grundtvig og grundtvigianismen som pedagogisk og kyrkjeleg rørsle i Norge. Som forskar var han aktivt med i Skagerak-Kattegat-prosjektet. Som filolog var han mellom anna oppteken av å vekke interesse og sans for norsk lyrikk. Han var og engasjert i språkpolitikk og var blant anna medlem av Norsk Språkråd i fleire periodar.

Skolen var Runes viktigaste arbeidsplass. Han var så å seie fødd inn i den nordiske folkehøgskolerørsla. Faren hans, Martin Birkeland, var styrar ved Fana folkehøgskule. Han var viden kjend som ”skuleleiar, folketalar og fløytespelar”. Rune vart lærar ved den same skolen i 1946. Han førde vidare mange av farens visjonar – men fløyta vart avløyst av fiolinen som fulgde Rune gjennom heile livet. I 1952 vart han styrar ved Buskerud folkehøgskule. I 1958 vart han tilsett som lektor og seinare som inspektør ved Kristiansand lærarhøgskole. Den grundtvigiansk inspirerte folkehøgskolekulturen tok han med seg. Men vidsynt og open som han var, samla han og impulsar og innsikt frå studier i USA og ulike land i Europa. I 60 og 70- åra var Kristiansand lærerskole i pionerposisjon når det galdt utviklingsarbeid innan lærarutdanning. Reformprosessane gjekk både på innhald og struktur. Rune var ein sentral aktør i nært samarbeid med blant anna rektor Wilhelm Aarek og lektor Olaf Larsen.

Rune Birkeland

Rune Birkeland var medlem av Liturgikommisjonen av 1965 i Den norske kyrkja. I mange år arbeidde han som leiar i komiteen som la fram framlegg til ”Norsk salmebok”. Denne nye salmeboka skulle avløyse både Landstads reviderte salmebok og Nynorsk salmebok. Nokre salmar måtte sjaltast ut. Andre måtte gå gjennom ein språkleg revisjon. Nye salmar skulle takast inn. Det var mange ulike meiningar og kjensler både i komiteen og ute i kyrkjelydane. Det dreidde seg om ein uvanleg vanskeleg og langvarig prosess som kravde stor språkleg og hymnologisk innsikt - og mykje tålmod, sinnsro og klok leiing. Men tida har vist at ”Norsk salmebok” vart ei umåteleg verdsam gåve til Den norske kyrkja.

Runes kyrkjevisjon peikte i retning av ei open, vidsynt og raus folkekyrkje. ”Hans grundtvigianske livssyn trygt forankret i Den norske kirke var hans store styrke gjennom livet.” Slik har kona hans, Anna-Margrethe, formulert det. Ho har levd eit langt liv saman med Rune.

I 1998 ga Rune Birkeland ut ei diktsamling med følgjande tittel: ”Åttiåring salar sin Pegasus”. Her gir denne kjenslevare, fredsæle, lyriske og musiske mannen nokre fascinerande glimt frå sine eigne indre livsopplevingar. Billetspråket er ofte henta frå havet. Han hadde vore ein ivrig seglar. I diktet ”August” skriv han:

Tonane vermer ditt hjarte,
bårar med ævelengt vest over hav
til fjerne strender,
opnar så sælt dine sansar,
lyfter dei leitande hender
opp under stjernestrødd himmel.

Jan Fjelde

Addendum

Rune Birkeland (f. 1914) var i mange år inspektør ved Kristiansand Lærerhøgskole. I sine siste yrkesår og de første årene som pensjonist var han som historiker svært aktiv i Kattegat-Skagerak prosjektet. Likeså ledet han salmebokkomiteen med ansvar for Norsk Salmebok fra 1984. Dette året rundet han for øvrig 70, og ble da i Fædrelandsvennen presentert som "en levende grundtvigianer". Han skrev selv en del salmer og er i Norsk Salmebok representert med en oversettelse (nr. 279) - likeså en oversettelse i Salmer 1997 (nr. 48).

Svein Takle