Bykle kyrkje

Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i Agder, Seniorsenteret
Tekster: Bjarne Karsten Nenseter og Bykle turistbrosjyre

Bykle kyrkje

På sørveggen er det no tri småruta glas. Kanskje var det opphaveleg berre hol i veggen, med lemer.

Slik ser du henne. På ei liti høgde midt i bygdi, på garden Byklum, ligg ho. Liti og låg, når ein samanliknnar med andre kyrkjor, og liksom hykjer seg ned mot veret. Tårnet er ikkje høgt og kvast det heller. Ikring 13 meter oppå toppen er ikkje mykje for ei kyrkje. Veggene er bordkledde og kvitmåla og bordkledd er toka au.

Bykle kyrkje bakside

Valle og Bykle kurkjor vart selde under eit for 200 riksdaler. Kong Fredrik trong ha pengar.

Det mest turvande finst, men heller ikkje meir. Sakristi er vanleg i andre kyrkjor, her er det berre våpenhus, sjølve kyrkjeromet og kor. Det er ei inngangsdør, låg og heller ikkje brei. Ljoset slepp inn gjennom tri glas, alle på sørveggen. Kyrkja er lågmælt og jordnær, men stø og trygg, mest som folket ho har tent som i Gudshus for i hundrevis av år.

”Eccl de Buglum” er nemnd mellom ni andre kyrkjor i Otredal prosti dette året 1327. Det var ein utsending frå sjølve paven som laga dette oversynet. Årsaki var ikkje fyrst og fremst omsuti dei høge herrane i Vatikanet kjende for desse små kyrkjelydane så langt unna - det hadde med pengar å gjere. Det hadde seg slik at paven i 1274 hadde skriva ut ein skatt som skulle takast av den inntekti prestane hadde. Skatten skulle hjelpe til med å betale ei krossferd. Betalingi gjekk trått, og difor vart denne embetsmannen send av garde for å krevje inn pengane.

Bykle kyrkje

Bølgjeblekk vart skifta ut med plankar i 1939.

Tussane avgjorde

Dei underjordiske har fått skuldi for så mykje fram gjennom tidene. Mange stader har dei flutt kyrkjor, heiter der - ei såvori vandresegn har me i samband med kyrkja vår au: «I Bykle kom der kvrkje likeins. Dei grunna i Nordbygdi fvrst, på Skarg. Men det gjekk som i Valle: um notti la tussane sør i «Kjyrkjebygdi» med heile timrestoåulen. Der var ein tusse som tok på seg å byggja, han skulle hava sol og måne fyre; men kunde dei gjeta namner hans, skulde han byggja for inkje. Han hadde gjort av mest og gjekk so kaldlegt tipp i tårnet. Då ropa det i ein haug: «Var deg Finn, du faller kji, » sa det. Med same datt han ned og slo seg i hel. Han treiv i tårnet og skjekte det; det stend skakt den dag i dag. Byklarane var so glade dei slapp han kvitt.»

Bykle kyrkje Bykle kyrkje

Kyrkjebenker

Det er 9 benker på karesida og 7 og ein halv på kvinnesida. Dei er smale og rette i ryggen, og avstanden mellom radene er 74 cm på karesida og 65 på kvinnesida. Ein treng ikkje vere sers stor for å ha vanskar med å plassere føtene. Det er vel plass til 70-80 menneske nede i kyrkjeromet og om lag helvti så mange oppå dei to trevi. Tidt har det nok likevel vore fleire enn det til stades samstundes.

Bykle kyrkje Bykle kyrkje

Rosemåling

Noko av det som gjer kyrkja vår så sermerkt, er rosemålingi innvendig. Dei vakre tømmerveggene har kvit botnfarge, og oppå der breier rosor og rankor seg ut. Fargane er duse og vel avstemde. For å herme Øystein Vesaas er det liksom kunstnaren «hev prøva og trivla seg fram med ei var kjensle slik at alt saman virkar liksom so mjukt og blautt med milde fargar, endå om rosune til dels kan vera noko kjeivelege.» Taket er au måla med ein slags blåsvart botnfarge der grå skyer og raudvorne stjernor lyser opp. Midt i sviv ein engel og liksom passar på kyrkjelyden. Målingi er frå 1826, og det var Aslak A. Vasshus frå Nesland, ei grend på Rauland i Vinje kommune, som stod bak. Med seg hadde han Knut Åvoldsson Byklum frå Bykle - dei har sett inn namni og årstalet båe to.

Bykle kyrkje Bykle kyrkje Bykle kyrkje Bykle kyrkje Bykle kyrkje Bykle kyrkje Bykle kyrkje Bykle kyrkje Bykle kyrkje Bykle kyrkje Bykle kyrkje

Skåp for altarbøker og beger til nadverden.

Korleis såg ho ut?

Sjølv om tømmeret i veggene i hovudsak truleg er der same no som etter oppatrbyggjingi kring 1620, treng ikkje huset ha sett plent likeins ut. Ja, me veit at utsjånaden vart endra noko i samband med ein stor reparasjon i 1803-06. Før det var tårnet i den eine enden, medan det etterpå har stade oppå mønet, meir inn mot midten. Som me har fortalt lenger oppe, kom rosemålingi så seint som i 1826, men om ho også elles var svært ulik innvendig i høve til no, veit me lite om. Me kjenner til at ho hadde to trev med ei trapp opp til kvart - korleis dei var plassera, veit me ikkje. Kanskje vart ho tekt med torv i samband med attreisingi i fyrste helvti av 1600-talet. Iallfall lova kyrkjelyden at dei skulle halde henne med tak (never). Hundre år eller så seinare kom det iallfall planketoke slik med kjenner henne i dag.

Bykle kyrkje Bykle kyrkje Bykle kyrkje Bykle kyrkje Bykle kyrkje Bykle kyrkje Bykle kyrkje Bykle kyrkje

Orgelet

Ikkje før heilt mot slutten av 1970-åri korn del orgel i Bykle kyrkje. Før det vart songen trygt leia av klokkaren. Dei gamle salmetonone med alle sine snirklar levde såleis lenger her enn i del fleste andre kyrkjor. Heilt framme til venstre i kyrkjeromet vart det plass til eit lite elektronisk orgel. Det vart øydelagt av smågnagarar, og vart avløyst av elt trøorgel. Heller ikkje det vart ståande lenge, og i 1989 vart det noverande instrumentet vigsla. Svensken Nils-Olof Berg bygde det, Ulf Oldaeus teikna det og Kirsti Jahnsen stod for målingi. Plasseringi er den same som del to eldre utgåvone hadde. Det er eit pipeorgel med eitt manual og fem stemmer.

Bykle kyrkje

Orgelet frå 1989, der det tidlegare har vore trapp, og deretter omn.

Oppverming og elektrisitet

Oppå himlingen kan ein framleis sjå dei jernstengene som heldt på plass røyret til vedomnen som stod her før. I 1932 vart han sett opp i kråi der orgelet no står - det var nettopp orgelet som gjorde at han laut takast ned. Før 1932 stod det ein annan omn i midtgangen, ved sida av preikestolen. Det var ein høg og stor sylinderomn.

Det vart teke i bruk elektrisk oppvarming i kyrkja i 1954. Elektrisk ljos kom ikkje før i 1987.Det har vore greitt på mange vis, men har au ført med seg store ulempor. Den gamle målingi toler ikkje den turre innelufti særleg godt, så ho sprekk og flagnar av. Trevi er heller ikkje så gode lenger, sjølv om berekonstruksjonane vart styrkte i 1980-åri. Den gamle kyrkja vår er full av minne - ho bind dei som no lever saman med kvorvne ætter. Ho fortener at dei som kjem inn i henne trør varleg!

Bykle kyrkje Bykle kyrkje Bykle kyrkje Bykle kyrkje Bykle kyrkje Bykle kyrkje

Gutane og jentone kvar for seg

Peter Blom var prest hjå oss frå 1864 til 1880. Han var ein myndig mann, og ville at når folk var i kyrkja, skulle dei vere opptekne av det presten tala om. Det som kunne få tankane deira vekk frå dette, var av det vonde. I hans tid vart difor både altartavla og biletfelti på preikestolen måla over med kvit måling. Bileti på bjelken over kordøri, to kongar, to dronningar, to kyrkjor og noko skrift, fekk same lagnaden. Etter nokre år vart det i biletfelti på altartavla sett inn «to paa lerret malte naturalistiske billeder», fortel Ulrik Hcndrikscn i 1929.

Ungdomane hadde plassen sin på trevet. Ein treng ikkje ha så livleg fantasi for å skjøne at det kunne verte både lange augnekast og anna slags samband mellom gutar og jentor i halvmørkret der. Dette ville Blom slett ikkje vite noko av, så han sytte for å få sett opp ein skiljevegg mellom jente- og gutesida. Bileti på altartavle og preikestol vart kalla fram att i samband med ei restaurering i 1930-åri, medan ein av kongane på korbjelken såg dagsens ljos att i 1967. Skiljeveggen på trevet vart riven i 1939.

Bykle kyrkje Bykle kyrkje

Forfall og utbetringar

Nytt forfall Vedlikehaldet var truleg ikkje det beste utetter 1600-talet, og i 1701 les me i kyrkjerekneskapen at ho var «megit brøstfeldig». Det vart gjort ein heil del for å rette på dette i åri frametter. Tjørebrædd planketoke kom kring 1720. Rekneskapen fortel at det gjekk med ti tylvter plankor av beste slag, ni alner lange. Sju tunnor tjøre trongst, og det vart kjøpt inn 1000 doble og 500 enkle naglar frå Kristiansand. Meir enn 83 riksdalar korn dette på, med arbeidsløn og det som trongst elles.

Nytt hundreår gav nye utbetringar. Kring 1800 sytte presten Peder Ludvig Lund for at huset vart «besiktet». Då var sjølve bygningen «meget god», heiter det, men «Tager og Klædningen udenpaa var gansske uduelig. Taarnet som er sat i enden af Kirken og heftet til Kirken af Bindings Verk, var og i sig selv ganske god, men Kledningen uedenpaa er næsten raaden og ganske bederved. » Vidare kan me lese i brevet som fortel om denne synfaringi at golvet og trappene opp til trevl var dårlege, saman med nokre av benkene. Det vart sett i gang hogging og framkøyring av tømmer til utbetringi som trongst, og i 1803 fortalde presten, som då var Christen Thorn Aamodt, at kyrkja «bygges af nye, og bliver en nydelig lille kirke». I 1805 var ho «næsten færdig», og i 1806 «gandske færdig». Sidan der i samtidi vart tala om nybyggjing, lyt me tru at heile huset vart rive ned til grunnen og så bygt opp att. Alt sunt bondevit tilseier då at det som var brukeleg vart nytta om att. Me må rekne med at det var slik her au.

Bykle kyrkje Bykle kyrkje

Berre biletet av kongen let seg restaurera.

Bykle kyrkje Bykle kyrkje Bykle kyrkje Bykle kyrkje Bykle kyrkje Bykle kyrkje Bykle kyrkje

Symbol på Guds auga, som ser alt, og er kjærleg.

Bylgjeblekk

Bylgjeblekk tek seg ikkje så fint ut på gamle hus, og slett ikkje på ei kyrkje, men det syter for at toka vert tett, og utan ei tett toke vert ikkje huset gamalt. Slik sett kan me sikkert vere glade for at det ein periode fram til slutten av 1930-åri var nettopp bylgjeblekk å finne på kyrkja vår. 1939 vart den gamle planketoka restaurera og har sidan halde dropane ute. Så seint som i 1980-åri vart den siste hovudreparasjonen med utskifting av rotne plankor utførd.

Bykle kyrkje

Kyrkjeklokka

«SI DEUS PRO NOBIS QUIS CONTRA NOS»

Denne latinske innskrifti står saman med årstalet 1683 å lese på kyrkjeklokka. Me kan omsetje det med «Dersom Gud (er) med oss, kven (er då) mot oss». Det var kommerseråd og lagmann Laurits Andersen Undal (1631-1703) som gav klokka. Sjølv om han var kjend i dalen i andre samanhengar au, kan me vel ikkje seie at han hadde noko sers tilhøve til kyrkja vår. Gåva var snarare uttrykk for ein mote mellom velståande folk på denne tidi - det var fleire som gav dyre kyrkjegåvor.

Sjølv om klokka var ei gåve, fekk kyrkjelyden utlegg med å få henne på plass. I kyrkjerekneskapen for åri 1687-89 kan me lese at kyrkjeverjone hadde utgifter på i alt 28 riksdalar i samband med det. Klokka er ikkje stor, 48 cm i tverrmål og 43 cm høg, og høver godt til kyrkja. Den som ringjer står nede i midtgangen i sjølve kyrkjeromet - det går taug ned frå tårnet der klokka er plassert og gjennom himlingen.

Gjennom hundreåri har der vorte mange timar med ringing, og tauget har slite eit stort hol i den tykke planka det går gjennom. I enden av tauget er det ein spenel - ikkje vriden av vidjor, men smia. Det skal vere den kjende vallesmeden Olav D. Hoftuft (1815-55) som har laga han. Han stod au bak smedarbeidet i Valle kyrkje.

Bykle kyrkje Bykle kyrkje Bykle kyrkje Bykle kyrkje

Bykle Kyrkje - På Kirkevandring i Aust-Agder

Bykle sokn og kommune omfattar nordligaste delen av Setesdalen og grensar over til Haukeli i Telemark. Såman med Hylestad høyrer Bykle til Valle prestegjeld. Med sine veldige fjellvidder og heistrekningar er Bykle den største bygda i utstrekning.

Oppstigningen fra Valle er bratt og tung. Vegen går om den gamle såkalla «Byklestigen» der de gamle klyvveg til dels gikk i trin som ein stige. Den gamle Byklestigen vart skote bort under vegarbeid i 1875, men vart restaurert av Statens vegvesen i 1975.

Naturen er stor og mektig. Her og der opnar dalen seg i venlege bygder med gåmål busetnad som i kyrkjebygda. Der ligg den særmerkte Bykle kyrkje, som har ei lang og interessant historie. Ho er nemnt i dei pavelege rekneskapsbøker frå 1320-åra og vert her kal la «ecclesia Byglom» (Byglom kyrkje). Der skal og ha høyrt beneficer! gods til Bykle. Truleg har det vore kyrkje i Bykle frå 1200-talet. Det er ikkje så mykje ein veit om den eldste kyrkja. I 1619 søkte kyrkjelyden bispen om løyve til å bygge kyrkja oppatt. Den må soleis ha kome i forfall åra i fyrevegen. Den nyoppbygde kyrkja fekk 3 messor i året og var i bruk like til 1804. Då vart den ombygd og fekk galleri i vest og nord, og elles sett i god stand.

Bykle kyrkje er ei av dei minste i landet, ca. 11 m lang med koret. Den har våpenhus, men ikkje sakristi. Ho er kledd med tømmermannskledning som er kvitmåla. Taket er tekt med breide, tjærebreidde bord. Hovudtaket har firkanta tårn med valma tak og eit mindre åttekanta tårn oppå som er spontekt og har spir og hane. Kyrkjeskipet har to småruta vindaugo på sørsida og koret eitt. Kyrkjetenaren står inne i kyrkja når han ringer. Klokketauet har en vakker smijernsring i «stefansbragd». Den har ei lita kyrkjeklokke, men den skal vere «langhøyrt». Ho er støypt i Holland i 1683 og har innskrifta: Si Deus pro nobis, Quis contra nos? (Er Gud for oss, kven er da imot oss?) Den laftebygde kyrkja er oppført av solid tømmer.

Kjem ein inn i kyrkja, skjønar ein snart at ho har eit særmerkt interiørav stor kulturhistorisk verdi. Det magetelgde tømmer har brunmåla brystning med akantusranker. Det er raulendingen Aslak A. Wasshus og Knut Å. Byklom frå Bykle som har stått for rosemåling og dekorering. Bjelken under korskillet har hatt måleri av to kongar, to dronningar og to kyrkjer. Ein av kongane har det lukkast å få fram att. Himlinga er mørk med stjerner og Kristus i sentrum i skipet

Kyrkja vart fargerestaurert i 1935 under leiing av Ulrik Hendriksen.

Altarbord, altartavle og preikestol er i renessanse frå 1650-åra. Altartavla har kannelerte flatsøylar og todelt midtfelt med måleri. Feltet til venstre viser Kristus som ber krossen, og til høgre Kristus på krossen. Under midtfelta er det tri skriftfelt, og øverst eit englehovud. Preikestolen har tri rundbogefelt med måleri på svart grunn: Markus, Lukas og Johannes. Døypefonten er frå 1600-talet. Bykle kyrkje har nå fått kyrkjeorgel på 4 stemmer. Elles kan nemnast at den vesle kyrkja millom fjella øvst i Setesdalen nå har fått - like ved sida av kyrkja - bårehus med sanitæranlegg og sakristi.

Mange er dei turistane som kvar sommar ser innom Bykle kyrkje og lyttar interessert til omvisarens interessante innføring i Bykle-kyrkja si soge - fortalt på ekte Setesdalsdialekt. «Det menneskelege i dimensjon og det finstemde i detaljer og dekor gjer at ho har mykje å gje til den som stig inn», seier Kyrkjedepartementets arkitektkonsulent Sigurd Muri. Og for bygdefolket har ho vore samlingsstaden ættled etter ættled ned gjenom tidene.

Teksten er hentet fra Bjarne Karsten Nenseters bok ”På Kirkevandring i Aust-Agder”, som han utga i 1993, på grunnlag av sine artikler i Agderposten i 1950-årene, da han var prest i Aust-Agder. Vi gjengir her teksten med tillatelse fra Nenseters arvinger.