Bykle kyrkje
Med førebels tekst henta frå turistbrosjyren.



 Klikk på side   2,   3,   4,    5  
Tilbake til Start



Tillegg: Store bilete 
med tekst av Bjarne Karsten Nenseter på Side 5

                        

                                                                   
Slik ser du henne. På ei liti høgde midt i bygdi, på garden Byklum, ligg ho. Liti og låg, når ein samanliknnar med andre kyrkjor, og liksom hykjer seg ned mot veret. Tårnet er ikkje høgt og kvast det heller. Ikring 13 meter oppå toppen er ikkje mykje for ei kyrkje. Veggene er bordkledde og kvitmåla og bordkledd er toka au.


 Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i  Agder

1.  På sørveggen er det no tri småruta glas.
     Kanskje var det opphaveleg berre hol i veggen, med lemer.
    

 

  
D
et mest turvande finst, men heller ikkje meir. Sakristi er vanleg i andre kyrkjor, her er det berre våpenhus, sjølve kyrkjeromet og kor. Det er ei inngangsdør, låg og heller ikkje brei. Ljoset slepp inn gjennom tri glas, alle på sørveggen.

Kyrkja er lågmælt og jordnær, men stø og trygg, mest som folket ho har tent som    i Gudshus for i hundrevis av år.

”Eccl de Buglum” er nemnd mellom ni andre kyrkjor i Otredal prosti dette året 1327. Det var ein utsending frå sjølve paven som laga dette oversynet. Årsaki var ikkje fyrst og fremst omsuti dei høge herrane i Vatikanet kjende for desse små kyrkjelydane så langt unna - det hadde med pengar å gjere. Det hadde seg slik at paven i 1274 hadde skriva ut ein skatt som skulle takast av den inntekti prestane hadde. Skatten skulle hjelpe til med å betale ei krossferd. Betalingi gjekk trått, og difor vart denne embetsmannen send av garde for å krevje inn pengane.




 

 Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i  Agder
                                                                                                                                                                
2.  Valle og Bykle kurkjor vart selde under eit for 200 riksdaler.
     Kong Fredrik trong ha pengar.

  


Er Bykle kyrkje frå for svartedauden? Kyrkja vår er bygd av nokså stort, lafta tømmer. Stokkane er både magetelgde og klavedregne (det vil seie at dei er like breie i topp og rot). Det finst andre tømra hus frå mellomafdercn i Setesdal, men del er bygde på ein annan måte. Stokkane er nvtta meir eller mindre som dei var, og er altså mvkje meir runde, og ikkje så store.

Ei tømra kyrkje fra mellomalderen ville elles ha vore eit sersyn i seg sjølv. Det var stavkyrkjor som var i hæve då, dersom der var tre som var byggjematerialar.

Svaret på spursmålet er altså nei, men med atterhald, som me skal kome attende til lenger nede.



 

 Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i  Agder
                                                                                                                                                              
3.   Bølgjeblekk vart skifta ut med plankar i 1939.


Tussane avgjorde
Dei underjordiske har fått skuldi for så mykje fram gjennom tidene. Mange stader har dei flutt kyrkjor, heiter der - ei såvori vandresegn har me i samband med kyrkja vår au:
«I Bykle kom der kvrkje likeins. Dei grunna i Nordbygdi fvrst, på Skarg. Men det gjekk som i Valle: um notti la tussane sør i «Kjyrkjebygdi» med heile timrestoåulen. Der var ein tusse som tok på seg å byggja, han skulle hava sol og måne fyre; men kunde dei gjeta namner hans, skulde han byggja for inkje. Han hadde gjort av mest og gjekk so kaldlegt tipp i tårnet. Då ropa det i ein haug:

«Var deg Finn, du faller kji, » sa det. Med same datt han ned og slo seg i hel. Han treiv i tårnet og skjekte det; det stend skakt den dag i dag. Byklarane var so glade dei slapp han kvitt.»

 

 

 FFoto: Torvald Slettebø, Universitetet i  Agder
                                                                                                                                                                
4.   Gjester er velkomne.      
   

Inne
Det er 9 benker på karesida og 71/2 på kvinnesida. Dei er smale og rette i ryggen, og avstanden mellom radene er 74 cm på karesida og 65 på kvinnesida. Ein treng ikkje vere sers stor for å ha vanskar med å plassere føtene. Det er vel plass til 70-80 menneske nede i kyrkjeromet og om lag helvti så mange oppå dei to trevi. Tidt har det nok likevel vore fleire enn det til stades samstundes.



 

 Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i  Agder
                                                                                                                                                                
5.         
   




  Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i  Agder
                                                                                                                                                              
6.         
   


Rosemåling 
Noko av det som gjer kyrkja vår så sermerkt, er rose­målingi innvendig. Dei vakre tømmerveggene har kvit botnfarge, og oppå der breier rosor og rankor seg ut. Fargane er duse og vel avstemde. For å herme Øystein Vesaas er det liksom kunstnaren «hev prøva og trivla seg fram med ei var kjensle slik at alt saman virkar liksom so mjukt og blautt med milde fargar, endå om rosune til dels kan vera noko kjeivelege.»

Taket er au måla med ein slags blåsvart botnfarge der grå skyer og raudvorne stjernor lyser opp. Midt i sviv ein engel og liksom passar på kyrkjelyden.

Målingi er frå 1826, og det var Aslak A. Vasshus frå Neslandsvatn i Telemark som stod bak. Med seg hadde han Knut Åvoldsson Byklum frå Bykle - dei har sett inn namni og årstalet båe to.


 

 Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i  Agder
                                                                                                                                                              
7.         
   

 

 Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i  Agder
                                                                                                                      
8.         
   


 

 Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i  Agder
                                                                                                                                            
9.         
   



  Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i  Agder
                                                                                                                         
10.         
   


  Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i  Agder
                                                                                                                                                             
11.         
   



 Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i  Agder
                                                                                                                                                               
12.         
   



 Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i  Agder
                                                                                                                              
13.         
   


  Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i  Agder
                                                                                                                                                               
14.         
   


 Foto: Torvald Slettebø, Universitetet i  Agder
                                                                                                                                                               
15.  Skåp for altarbøker og beger til nadverden.      
   

 

 

Tilbake til "Kirker"      Neste side

                Klikk på side    2,   3,   4,